luft emmaus
om emmaus
dialog
spiritualitet
meditasjon
program
ressurser
sarpsborg
bergen
stavanger
holmen
kontakt
givertjeneste
butikk
lenker
lokaldialog på Løkka
luft
dialogsenteret emmaus Send oss en mail

Fastepraksis - mellom regel og fridom

Av prest og leiar i Emmaus Anne Anita Lillebø

I Den norske kyrkje er det å faste eller å gå inn i ein fastepraksis ei frivillig sak. Det er ingen kollektiv praksis å slutte seg til slik det er for muslimar i samband med ramadan eller andre fastetider. Fasta startar oskeonsdag og varer i 40 dagar fram til langfredag. Sundagane ligg utanfor fasta, men det er likevel opning for å gi høgmessa eit anna preg i denne tida. Det er valfritt å nytta dei musikalske alternativa for fastetid i gudstenesteboka og Gloria kan falla bort. Det einaste som ikkje er valfritt er fargen som er fiolett: «fargen for førebuing, bot og sorg», og at litaniet vert nytta som forbøn i høgmessa (Gudstenesteboka s. 17 og 19).

Pappbøssa frå Kirkens Nødhjelp representerte fastetid i min oppvekst. Ikkje berre den, det var også fastelavnbollar og fastelavnsris. Bollane hadde med familie å gjere, riset med sanitetskvinnene og bøssa med dei fattige der ute. Bøssa var bra merkevarebygging for Kirkens Nødhjelp, og men kanskje for faste også? No får ein fastelavnsris hjå næraste blomsterhandlar og det ein betaler går ikkje til Norske Kvinners Sanitetsforening men til Florista. Bollane er tilgjengelege heile året på Deli de Luca og kjem ikkje frå glovarm smult heime hjå mor. Men bøssa frå Kirkens Nødhjelp er bortimot uforandra. Kanskje dette er det nærmaste lutheranarar kjem ein felles fastepraksis: bøssene på kjøkkenborda i fastetida? Eit skjerpa blikk utetter, og ei tid der truspraksis særleg er knytt til å gi. For mange er det ein samanheng mellom det politiske engasjementet, kristendomsforståinga og trua. Som ein prest sa det: «Eg trudde faste hadde med politikk å gjere eg!» Aktivisme og solidaritet er truspraksis.

Det er her eg vil halde meg vidare; i praksis, og nytta orda ortopraksi og pietisme som refleksjonsbakgrunn for å seie noko om tilhøvet mellom regel og fridom.


Faste som personleg truspraksis
Eg trur ikkje alle er laga for å sitte stille på ein krakk i stille meditasjon, men som ein buddhistisk dialogven sa eingong: «Nokre kan henge opp ned i eitt tre og plystre seg til oppvakning, men eg treng å øve meg kvar dag i oppmerksemd ved å sitte stille og meditere.» Eg har det som han, eg treng å meditere, å sitte stille på ein krakk, i ein stille aktivitet. Eg treng å bli minna om at eg er oppreist og elska for å opne meg for ein kjærleik som strekkjer seg ut over meg. Det er ei øving for å bli minna om at eg er ei skapning i verda tett forbunde med alt anna skapt, og ikkje ein vind. Å være i ein ordlaus praksis som ikkje krev for mykje omgang med tekst og bilete gir høve til å tømast så det kan bli plass til ein større kjærleik.

For meg er ei faste ei lengre periode der eg kan stille meg inn på noko særskilt. Det gir høve til å gå inn i trua og sjå på kva eg trur på og korleis eg lever ut denne trua i praksis. Det fører meg mot det kvardagslege, og eg øver meg i oppmerksemd i det heilt alminnelige. Eg går ikkje ut av kvardagen som ein til dømes gjer i retreat, men går inn den med eit skjerpa blikk for korleis eg lever mellom ideal og røynd. Øvinga verdset eg fordi den har etterverknad langt ut over sjølve fastetida.


Ortopraksi for mjuke pietistar?
Det ligg snublande nær å bli oppfatta som ortopraktikar når ein legg vinn på sopass mykje praksis som her. Kanskje er eg det – ein mjuk ein som vil peike på praksis framfor lære. Ikkje den eine og rette praksis, men som ei utfording til å auke medvitet på korleis ein praktiserer tru – på korleis livet er prega eller påverka av tru, og kva praksis som har referanse til trua. Som ei øving for oppmerksemda eller blikket. Ikkje eit himmelvendt blikk som i pietismen, som kan vende ein vekk frå verda, men eit blikk på her og no. Heller ikkje eit dømande og moralistisk blikk, men eit blikk som er villig til å sjå også det friksjonsfylte og destruktive. Dei fleste opererer med ei forståinga av kven ein er og korleis ein ynskjer å være ideelt sett. Kva ein anerkjenner eller fortrenger er påverka av trusunivers og kristendomsforståing. Noko undertrykkjer ein og andre ting overfokuserer ein positivt på. I møte med buddhistisk meditasjonspraksis som både zazen og vipassana er dette noko av det eg har hatt mest glede av; å lære øve blikket til ikkje å kvalitetsbestemme noko, verken kjensler, tankar, minner eller folk. Og heller ikkje gi desse status i graderte hierarki. Ein mjuk ortopraksi er å erkjenne at ein treng å øve seg i det å være – for ikkje å bli fanga av krinsinga om fortid eller framtid. Men kanskje mest av alt å bli minna om nåde, fellesskap og kjærleik.

For dei færraste har ordet pietisme ein positiv klang. Det å innføre det i høve til truspraksis kan gi refleksjon i høve til ei vekking som har hatt stor innverknad på fromleik og krav om fromleik. Den sterke lengten etter ei subjektiv erfaring med gud som ein finn reflektert i vekkinga, har parallellar til religiøsiteten i vår eiga samtid i krav om at noko bør skje/ ein skal kjenne noko/ erfare noko i møte med det heilage. Det er i større grad knytt til det personlege og erfaringa av å vere fødd på ny, enn til ei oppleving av det heilage som noko bur i gode fellesskap for tru. Erfaringa er gjerne utanom det vanlege og dramatisk og fører til store omveltingar. Slike vitnesbyrd får ein del i om ein opnar Alternativt nettverk sitt tidskrift Visjon, og vert sannsynligvis kommunisert til fleire her enn i kristne samanhengar. Det er ingen grunn til å legge vekk ein sunn skepsis mot einsidig fokusering på ein individualisert og moralistisk truspraksis. Å være kritisk til vekteggjing av den subjektive opplevinga av det heilage er naudsynt. Dersom tyngdepunktet i truspraksisen ligg her kan det skape krav om religiøse opplevingar. Det er eit krav som svekkjer tilliten til fellesskapet som berande, og det kan forsterke kjensla av einsemd eller separasjon om ikkje ein lukkast.

Den pietistiske vekkinga medvirka til å etablere ein antropologi med mennesket som verdlaust i seg sjølv og dømd til å bøye seg for ein gud så allmektig og fjern at nokre av dei mest gudslengtande og dirrande salmane kjem frå denne tida (jf Det skjedde ikke i Betlehem, Notto R. Thelle, Oriens Forlag, 2000, ss.62-65). Dette har prega kulturen vår sopass djupt at den har medverka til ein generell strengleik som er meir moralistisk enn moralsk orientert, og det gjeld ikkje berre kristne. Som kyrkje har vi ei utfordring i å formidle ei forståing og kanskje til og med ei erfaring av det heilage som kommuniserer forbi oppleving av kristendom som noko stadfester avstand og åtskiljing mellom det heilage og menneska.


Fastepraksis i kyrkja som stad for å øve fridom
Når ein vekkjer ein tradisjon som faste og fastepraksis i kyrkja, er det naudsynt å ha eit medvit om den pietistiske arven som finnast i kroppane som søkjer den. Praksisen kan altfor fort vert kopla mot kristelig tvang, bot og reinsing. Arven frå den pietistiske vekkjinga treng ikkje stadfestast eller fornyast, men det må takast omsyn til at den er der. Som eit medvit hjå forkynnarar og ei påminning om å formidle ein gud som er – gud i fellesskapet og gud som noko meir enn noko som skjer.

Når ein tilbyr nye former for praksis, som t.d. i samband med faste, kan ein halde fast ved den lutherske arven: fridom til å velje. Kanskje så tungt at det vert formulert i liturgien: «Visst du vil kan du be…. osb». Kanskje kan faste være ei tid for liturgar til å tvinge seg inn på den risikofylte vegen det er å konstruere noko nytt. Det verste som kan kome ut av det er at ein kan kome til å bli kritisert eller kjenne seg som idiotar.


Reglar er til for å brytast?
Om fridom som kan vekse ut av øving

Enno eitt tungt ord; disiplin, kanskje heller ikkje udelt positivt ord slik me høyrer det og forstår det til vanleg. I ordboka står det slik: «Disiplin: lat., eigentleg 'opplæring' av disippel.» Forståinga av ordet er slik i følgje ordboka: «1 (det å halde) orden, tukt; lydnad kadaverd- / sjølvd- / halde d- i klassa / evne og vilje til å underordne seg reglar vise d- . 2 (vitskaps)grein, fagområde skiskyting er ein heller ny d- i idretten.» (http://www.dokpro.uio.no/ordboksoek.html)

I mange meditasjonspraksisar snakkar ein om disiplin i positiv forstand. Som dette ordet eg har nytta tidligare: øving. Det er i buddhistisk samanheng ei praktisk innstilling; dei fleste av oss treng øving for å auke medvitet eller oppmerksemda eller for den del – rausleiken. Og meditasjonen som øving hjelper ein mot dette. Det er ikkje disiplin i forståinga å halde noko nede eller undertrykkje, men som ei ramme som tener eit formål. Disiplinen vert praktisert på ulike måtar og omfattar alt frå kor lenge ein sit i stillheit til korleis ein held kropp og blikk, korleis ein tek stilling til tankar og kjensler eller kvar ein held fokus eller konsentrasjon. Det gjeld også meditative rørsletradisjonar som yoga, tai chi og qigong. Noko av tanken bak å følgje disiplinar som desse er at ein får noko bestemt ut av praksisen om ein følgjer øvinga slik den er tenkt. Om ikkje det ligg ein stor grad av rausleik i korleis ein praktiserer kan ein disiplin fort fungere undertrykkjande eller forsterke ei kjensle av anten overmot eller av å mislukkas.

Innanfor den kristne djupmeditasjonen som vert praktisert mellom anna i Emmaus, tenkjer me at øvinga det er å sitte stille i meditasjon hjelper oss mot stillheita. Ikkje som tvang, men som praktisk kunnskap som hjelper både kropp og sinn mot ein rausare og rolegare stad i ein sjølv. Dei store dirrande subjektive erkjenningane kjem ikkje alltid når ein øver seg i å være i stillheit, men ofte kan ein oppleve å kjenne seg friare både i høve til gud, fellesskapet og seg sjølv. Øvinga er antidualistisk og dei skilja vi uttrykkjer språkleg i oppdelinga kropp – sinn – ande kan opplevast å opphøyre i meditasjon.

Det å kome til denne staden, eller berre å få eit glimt av den, opplevast som frigjerande. Øvinga tener det formål å hjelpe ikkje berre sinnet, men også kroppen mot denne staden som nokre skildrar som eit møte med tomleik. Eit døme på det innan den kristne tradisjonen er Mester Eckhart. Andre vil seie at ein møter det heilage – i seg sjølv – eller gud. Desse treng heller ikkje utelukke kvarandre, noko som kan skildrast som det å oppleve fylde i det å være tom - i tydinga uttømd (kenosis m.a. i Ef 2,9). Opplevinga av fellesskap vert sterk, som noko raust og kravlaust ein kan lene seg mot, når ein deler ei god stillheit med fleire. Då kan ein også oppleve det heilage i fellesskapet. Som om det heilage vert levande i vår felles handling i det å søkje stillheita saman. Øvinga fører oss saman, og saman held vi fast på den – som ei utvungen disiplin. Å velje ei form for fastepraksis kan gi ei auka kjensle av både meistring og fridom - om rausleiken vert øvd samstundes. Nåden forsvinn ikkje sjølv om ein fastar.


Faste som truspraksis – med kroppen
Om ein tenkjer at faste kan være ei øving for trua, har ein som lutheranar både eit problem og ein sjanse. Ein har fridom til sjølv å velje å faste – eller å late være. Sjansen ligg i at det er ei tid i kyrkjeåret som kan støtte trusøvingar i handling eller oppmerksemd. Medan problemet er at ein ofte ikkje har eit fellesskap i faste å støtte seg til. Kva øving eller rammer som vert sett, kan bli inspirert av andre religiøse tradisjonar, men til sist er det ein sjølv som tek valet. Nokre vel å avstå frå ting i matvegen, frå godteri eller handling av kle. Nokre vel vekk alkohol heilt eller delvis. Andre vel ei endring i anten levemåte eller innstilling, og mange gir meir pengar enn ein elles gir til bistands – eller hjelpeorganisasjonar. Alt dette er øvingar som ein innfører eller forsterkar i fasteperioden, og som set ein form for disiplin omkring korleis ein lever i denne tida.

Om ein tenkjer seg at også tankane er kropp og kroppen ikkje berre er eit verkty for vilje, attrå og tankar, kan ein byrje på ei antidualistisk øving i seg sjølv. Då treng ein ikkje rangere det å fordjupe seg i kristne mystikarar i fastetida eller å søkje til gudsteneste som noko frommare enn å endre matvanar eller auke oppmerksemda på korleis ein lever. Ei endringa av kosthaldet gir høve til ei konkret kroppsleg erfaring og kan også være med på å skjerpe oppmerksemda i fastetida.

Dei fleste som har freista å gå inn i faste som ei form for øving veit kor oppmerksam ein vert på fråværet av dei tinga ein vel vekk. Kor sterkt ein kan sakne vin eller sjokolade, og kor frustrerande eller spanande det kan være å endre kosthaldet. I samband med faste i fjor heldt kosthaldfysiologen og forskaren Helle Margrete Meltzer innleiing om fastepraksis i Emmaus. Ho åtvara sterkt mot fullfaste, - dvs. at ein berre lever på vatn og fruktjuice grunna i at både den fysiske og psykiske påkjenninga er for stor om ikkje ein er i retreat eller har fri frå jobb. Om ein skal fullfaste tilråda ho at ein sørgjer for å ha oppfølging i høve til næring og vegleiing i høve til alt det som kan skje på det indre planet. No er det sikkert ikkje mange som vurderer fullfaste, men om ein skal faste i form av å endre kosten kan det være ei god investering å oppsøkje nokon som har kunnskap på området. I ei faste som varer i 40 dagar kan ein bli både kraftlaus og motlaus – eller sjuk, om ikkje ein får i seg nok næring. Ei endring av kosthaldet i fastetida kjennest ikkje berre reint fysisk, men fører til ei auka oppmerksemd på korleis ein lever i verda som heilskap – som kropp. Slik kan fasta bli meir enn ei reint mental øving.


Ut i verda
Same kva ein velgjer for praksis, aukar det medvitet. Endringa endrar blikket på det kvardagslege som ein kan nytta til å fordjupe seg i – personleg og i høve til verda. Kanskje vert ikkje praksisen truverdig, eller noko anna enn ei personleg reise, om ikkje det til sist gjer at ein rettar blikket ut frå seg sjølv mot verda. Kontemplative praksisar har ikkje anna å tilby enn sjølvutvikling om ikkje det aukar oppmerksemda mot alt det skapte. Og så er det nokre av oss som treng øvinga for stadig å bli minna om både nåde og fellesskap. Vendinga innover fører ein mot caritas – medkjensle, og ut i diakoni og diapraksis. Kanskje er det her den djupaste fridomen kan øvast; at ein som kropp overgir seg til kjærleiken så ein uredd kan bære den med seg ut i verda. Ikkje som tvang, men kall til handling som oppstår frå glimt av fridom.

Eg avsluttar med Mester Eckhart: «Hvis et menneske var i en tilstand av henrykkelse, slik den hellige Paulus var, og han visste om et sykt menneske som trengte å få en liten suppe av ham, så ville jeg anse det for en større kjærlighet om du avsto fra henrykkelsen og tjente ham som trengte din hjelp». Å bli den du er. Perspektiver på menneskets frihet. Mester Eckhart oversatt av Jon Wetlesen, s.123.

-----------------------------
Meir om Faste:
http://www.liturgisksenter.no/index.cfm?id=60504
http://www.kirken.no/?event=doLink&famID=2033
http://www.sprakrad.no/Leik/Ord_6/Paalsmesse,_kyndelsmesse,_Pet/

luft